Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjortfesta 2011 – Laurdag 19.11.

Hjortfesta 2011 – Laurdag 19.11.

Jon Olav Ørsal Måndag 7. november 2011

Hjortfesta er i rute og vert arrangert laurdag 19. november kl 20.00, fortel Lars Stensby, som er festsjef og ledar i Husby og Halla jaktlag som er vertskap i år. I år er det ikkje førhandssalg eller påmelding førut, så det er berre å møte opp i Todalen ungdomshus til festa startar.  Arrangøren lokkar med viltgryte med godt tilbehør, og da er det berre å ta med godt humør og kom på hjortfest.

På programmet står det som sagt gryterett som er inkludert i billettprisen, men drikke kjøpast i tillegg etter eige ønske. Ellers er det lett underhaldning, som sikkert er inspirert av store og små hendingar under jakta i haust. Vidare er det utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron» til nokon som har gjort seg fortjent gjennom frivillig innsats i bygdemiljøet. Musikk og mulegheit for ein svingom vil det også bli. Det er orkesteret Perikom Light som sørgjer for dansemusikken.

Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument!

Først publisert: 7. november 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 20. november 2011, 11:17