Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjortfest med prisutdeling

Hjortfest med prisutdeling

Jon Olav Ørsal Sundag 20. januar 2013

Hjortfesta i Todalen blir tradisjonelt arrangert i slutten av november, men av ymse årsaker vart Hjortfesta 2012 utsett til januar.  Laurdag kveld var et 70-tals todalingar og andre gjestar samla til fest i Todalen ungdomshus. Denne gongen var turen komen for Kvennset jaktlag for å være vertskap, og dei kunne by på velsmakande viltgryte, simulatorjakt og kveldens høgdepunkt som var utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron».

Menyen var altså ein smak av vilt frå årets fangst, og vart servert som viltgryte med soppsaus og med grønsaker og mandelpotet som tilbehør. Kveldens kokk var Jon Olav Roaldset, som kom godt ut av den oppgåva og fekk sjølvsagt mykje skryt frå gjestane. På programmet elles var det simulatorskyting, der første del var  konkurranse i storviltjakt mellom jaktlaga i bygda. Laila Kvendset som var «gjestejeger» på Hjellnes jaktlag gikk heilt til topps i konkurransen, og slo ut dei andre laga som nok stilte med sine elitejegrar til konkurransen. Elles var det ei lita oppsummering av årets jakt, der 2012 går over i historia som et år med under middels resultat. Storvaldet i Todalen hadde tildelt 42 dyr totalt, og hadde ei avskyting på 19 dyr. Det gjev ein fellingsprosent på 45% som nok er litt for svakt.

Høgdepunktet for kveldens program, og den mest seriøse delen, var nok utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron». Den går til ein todaling som over tid har utmerka seg med positivt arbeid for bygdemiljøet. Prisen er ein statuett og tilhørande diplom. Det var sjølvsagt knytta stor spenning til denne utdelinga, og vi hørte at fleire verdige kandidatar var ”lufta” rundt borda. Den som trekte det lengste strået denne gongen var Jon Olav Roaldset. Lars Sæther som var festledar og som delte ut prisen, sa at prisvinnaren er ein person som er lett å spørje og som alltid stiller opp når han blir spurt. Han er allsidig, og taklar mange slags oppgåver. Kan berre nemne at han er ein habil kokk, snekker, datahjelpar, 4H-ledar og mykje meir. Ein velfortent pris!

Etterpå vart det ein svingom med Perikom Light, som denne gongen var einmannsorkester med Karstein Mauset. Han fikk sving på todalingane heilt ut i dei små timane denne laurdagskvelden.

Publisert: 20. januar 2013, 12:01