Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjorten er furkunn på nygrøå

Jon Olav Ørsal Måndag 4. april 2016

Etter kvart som det har vorte barmark rundt bygda blir det stadig fleire hjortar som trekkjer ned på innmarka for å beite. Ein runde rundt bygda måndag kveld ga ikkje nokon storfangst, med på Ørsalhøgda var det ei gruppe som nok tykte at nygrøå vart fristande.  Denne veka startar også vårteljinga av hjort i regi av viltnemnda.

På vår runde rundt bygda fikk vi disse 5 hjortane på filmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Tre onsdagskvldar på rad 6., 13. og 20 april skal det ut eit korps for å telje hjort på innmark over heile kommunen.  Resultat av vårteljinga blir med i vurderinga når viltnemnda skal tildele kvotar til jakta i haust. Så dei tre komande onsdagskveldane vil du kanskje observere at det er bilar som kjører rundt og lyser rundt på ekrene på kveldstid, da teljinga skal forega i tidsrommet frå kl 21-23 disse kveldane.

Publisert: 4. april 2016, 22:18