Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hiv og hoi!

Hiv og hoi!

Elinor Bolme Onsdag 22. juni 2011

Ungane ved Todalen oppvekstsenter har også denne våren forebudd seg utruleg godt då dei inviterte til avslutningsfest på skulen i går kveld. Barnehagen og småtrinnet opna med sjørøvarviser og skodespel, der det var både innlevelse, sjarm og prestasjonar. Dei eldste, altså 5.-7. klasse hadde òg øvd i massevis og trylla fram den eine songen etter den andre.  Beundringsverdig at så mange, og ikkje minst unge vågar å opptre i slik grad som dei gjorde. Mange av desse vil vi nok sjå att ved seinare høve.

Avslutningsvi entra alle skuleungane scena og trøkkte i gang eit potpuri av Åge Aleksandersen songar. Og det verka både som publikum og ungane tykte det var artigt.

Til slutt vart det eit retteleg kaffelag med mykje godt å ete medan praten gjekk høgt.

Under er ein del bilder frå kvelden. Alle foto: Elinor Bolme

Først publisert: 22. juni 2011, 00:14 - Sist oppdatert: 21. juni 2011, 23:31