Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielagstur til Torjulvågen og Frei.

Marit Haugen Sundag 16. juni 2019

Todalen og Stangvik historielag hadde og i år samarbeid om felles busstur for medlemmer og andre. I år skulle turen gå innom Torjulvågen og vidare til Frei, og det var litt over 30 stk som tok 9-ferja frå Kvanne laurdag den 15. juni, med Øystein Moe som stødig sjåfør på bussen – i sol frå mesta skyfri himmel. Det var Stangvik historielag som stod for hovedansvaret for turen i år, med Lars Gudmund Røen som tilretteleggar og leiar for turen. Og han hadde gjort ein grundig jobb og skaffa seg mykje kunnskap om hovedtemaet for turen – grundaren Ingebrigt A. Grimsmo som starta sagbruk i Torjulvågen og på Frei.

Siste påstigning skulle vera ved Fossheim i Ålvundfjorden, og derifrå fortalte Lars Gudmund om grunderen og industrireisaren Ingebrigt A. Grimsmo. Ingebrigt var fødd i 1840, og vaks opp på plassen Vasskroken under Grimsmo i Surnadala. Far hans var frå Ellevsetøya oppå «Eia». Som dei fleste husmannssønnene på denne tida måtte han tidleg ut i arbeid, og han var innom mange prosjekt på si «grunder-ferd», fekk bl.a. bygd Øra-brua over Surna, var på sildfiske, slofart, tok til med kassefabrikk, tønnefabrikk, Tingvoll ullvarefabrikk, kjøpte seter i Søyådalen og mykje, mykje anna.

På Tingvoll plukka vi opp Toralf Waagen, som fortalte om landskapet vi kjørte gjennom frå Tingvoll og over til Torjulvågen, bl.a viste han oss kvar revegardane som «forpesta» vatnet i Bergemsvatnet stod, og kvar Bergemsetrene låg. Han fortalte og om sin eigen oppvekst, og om det gamle sagbruket som låg i Torjulvågen, og som hadde vatnet sitt frå Bergemsvatnet. Han mintes at det var «gutongar» som kvar morgon måtte springa opp til demninga og opne lukene slik at vatnet rann ned til saga. Vatnet bruka ca 1 time ned til fjorden…

Og det var sagbruk som var hovedgrunnen til at turen vart lagt om Torjulvågen. Før Rena Bruk vart etablert, fekk Ingebrigt A Grimsmo leie grunn  og vassrett til å bygge sagbruk her i 1887, og det første tømmeret vart skore i 1888. Da hadde Ingebrigt ansatt Peder O. Holten frå husmannsplassen Plassen  i Østbødalen, fødd i 1859, som sagmester. Men det var ein hake ved drifta her, fjorden var grunn og ein kunne komme inn og ut med tømmer/skurd berre på flo sjø. Så etter drift  her i 8 år, flytta han sagbruket til Rena på Frei. Men det var sagbruk i drift her på Vågagarden heilt fram til for nokre få år sidan. Ca i 1950 kom det elektrisk strøm, og da vart det slutt på springinga opp til vatnet for å opne lukene. Hovedgrunnen til at  Grimsmo starta med her, var nok tilgangen på vatn og vassfallet ned til Vågen og sagbruket. Attåt at han kjøpte skogteigar i nærområdet, kjøpte han og teigar andre plassar, hogg tømmer og planta ny skog.

Vi var og så heldige at familien Waagen tok seg tid til å orientere litt om drifta og utbygginga på «Vågagarden», der den verdensberømte «Tingvoll-osten» vert laga. Gunnar, sonen til Toralf, fortalte om drifta og utbygging, før han overlet vidare orientering til dotter Kristin – Gunnar måtte «hiva seg» på traktoren, det var ein travel dag med siloslått…  Osteproduksjonen på garden vart starta i 2003, ysteri bygd i 2006, og nytt fjøs i 2009. Kristin fortalte bl.a. at fjøset og første trinn av ysteriet vart bygd av tømmer skore på eiga sag. Og dei la stor vekt på at alt materialet i utbygginga vart teke frå ømse bedrifter i nærområdet. Kristin kom og inn på miljøet mellom «folk og fe» og arbeidsgjevar/ansatt på garden, her har dei namn på og kjenner historia til alle kyrne, og mellom gardeigar og arbeidsfolk heiter det ikkje «kua mi», men «kua vår».

Dei har eigen gardsbutikk der dei sel dei fire ostesortane dei produserer, og i tillegg andre lokalproduserte «godbitar». 

Den mest berømte osten er vel «Kraftkar», som vart kåra til verdens beste ost i 2016.

Før vi reiste vidare, vart det tid for litt handel, og ein liten kaffetår .

Orientering om Rena Bruk ved Karen Flatø

Etter at vi kom over til  Frei, kom Egil Dybvik frå Freiøya Historielag om bord i bussen. Han fortalte om plassane vi kjørte forbi fram til bensinstasjonen på Rensvik, der vi plukka opp Karen Flatø. Ho tok oss med inn i lokalene der Kronull stålullfabrikk hadde sin produksjon (no nedlagt). Karen var oppvokst i området og hadde mykje kunnskaper om historia til Rena Bruk, til husa omkring, og hadde personleg kjent fleire av slektningane etter Peder O. Holten; han hadde med seg kone og 9 ungar da han flytta hit, så det er mange med etternamn Holten omkring her! Og ikkje minst: Karen  hadde ein svært behageleg måte å formidle historia på! Her fikk vi og kjøpe heftet som Freiøya Historielag hadde gitt ut i 1996 om Rena Bruk – «Et industrielt eventyr med to husmannssønner frå Surnadal i hovedrollen». Det er sikkert muleg å få kjøpe dette heftet frå Freiøya Historielag om nokon har interesse.

I Torjulvågen var vassfalletkanskje det viktigaste for drifta av sagbruket. Etter flyttinga til Rensvikholmen på Frei, vart det installert dampmaskin, to sagrenner, sirkelsag, stavsag, kappsag, kløvsag og høvelmaskin. Tilførselen av tømmer gjekk på denne tida sjøvegs, og her ved Rensvikholmen finn vi utløpet til alle tre Nordmørsfjordane, tilkomsten var nok ein svært viktig del av stedsvalget. Hit kom det tømmer frå mange Nordmørsgrender – og frå Trøndelagsskogar. På det meste var opp til 120 personar i arbeid på bruket. I 1954 braut det ut ein stor brann her, og i 1956 var det slutt på industrieventyret ved Rena Bruk.

Grimsmo tok med seg «sagmester» P. O. Holten til Rena Bruk, og han var nok svært godt fornøyd med arbeidskaren sin, for i dagboka skriv han: «Arbeidet ved bruket vart leia av ein sers dyktig styrar, Peder O. Holten».Det vart etter kvart bygd både våningshus, kontor, og hus for arbeidarane. I kjellaren på eit av desse husa starta Dordi Holten, kona til Peder, dagligvarebutikk, som seinare vart overteken av Inga Fjøseide (g med Gudmund Sjøtrø), dei dreiv handel her fram til 1957.

Vi var litt forsinka på ruta vår, men no bars det til Flatsetsundet og Endreset Besøksgård, der vi fekk servert ein god gryterett med ris og salat til – og kaffe. Takk for god mat!

Siste post på programmet var Knudtzonlunden og Rastarkalv som ligg like ved Frei kyrkje. Det var klippfiskkongen Nic. H. Knudtzon som fikk bygd villaen her i 1874. No er det Sparebank 1 Nordvest som har overteke eigendommen, og det er gjennomført ei rekkje forbedringar på dei mange husa.  Sparebanken har og fått oppsatt eit nytt lokale her – Knudtzonsalen – som inneheld møte- og konferanselokaler. Området var godt vedlikehalde, mest imponert var vi vel kanskje over det fine, kvitmåla stakittgjerdet kring heile eigendommen! Ei av bygningane var opne så vi fekk inn å sjå dei gamle, fine møblane, ljoskronene,  bileta og spegla på veggane! Odd Williamsen fortalte om historia kring denne perla før vi drog vidare til Rastarkalv.

Eigentleg var det plana at vi skulle få oververa øvinga til Rastarkalvspeletsom skal framsynast neste helg, men dei var dessverre ferdige med øvinga da vi kom. Vi fikk imidlertid god orientering om spelet og historia om slaget som stod her i 955 av to av «skodespelarane», den eine var  Erik Ullserk….Her såg vi og dei 3 bautasteinane, eit krigsminnesmerke som vart avduka av kong Håkon i 1955, reist til minne om denne Erik Ullserk.

Så var det tid for heimtur – og her vikk vi enda meir historisk påfyll: Lars Gudmund hadde segla med «Svanhild» (galeasen som var bygd på Nordvikstranda i 1889) over til Sjetland i pinsehelga, og han fortalte om opplevingar på denne turen; så kom  John Moe og fortalte litt om historia til Sortdal Hotell på Tingvoll, der Karin Øyen frå Todalen ei tid «regjerte».

Ein innholdsrik og fin tur der vi fekk sjå Nordmørsnatur i sin finaste stas! Nok ein gong stor takk til Lars Gudmund for eit godt og interessant opplegg – og «takk for laget» til alle dei andre som var med på turen!

Publisert: 16. juni 2019, 21:22