Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historielaget etterlyser bilder…

Historielaget etterlyser bilder…

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. desember 2012

Todalen Historielag har alt starta arbeidet med årsskriftet for neste år. Eit tema som vik bli i fokus i neste årsskrift er gamle kjørty, – bilar, traktorar og motorsyklar. Historielaget vil  i samband med dette etterlyse  gamle bilete av slike kjørety frå Todalen, som vi kan skanne og  bruke i årsskriftet.

Plana er å  få til ein artikkel  om dette emnet, men det er også viktig å samle inn bilde for lagring  i biletarkivet som Historielaget held på og opparbeider. Bileta kan være av alle typar motoriserte kjørety,  frå og med 70-talet og eldre.  Ragnhild og Ingri som tek  seg av skanninga kjem gjerne heim til folk for å skanne, så slepp ein å levere frå seg orginalbileta.

Skanning av gamle bilete med alle  typar av  motiv held ”skannegruppa” i Historielaget på  med gjennom heile året. Så vi oppmodar alle til å leite fram bilete frå skuffer og skap. Ved at vi tek vare på desse bilete, så tek vi samtidig vare på historia vår for ettertida. Ragnhild Ansnes Moe og Ingri Bruset i ”skannegruppa” håpar mange tek kontakt slik vi kan fylle på arkivet med gamle foto.

Publisert: 5. desember 2012, 10:55