Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget: – Boksleppet er i rute….

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. november 2016

Like sikkert som at det er berre eit par veker til advent, så inviterer Todalen historielag til «bokslepp» for sitt nye årsskrift komande laurdag kl 14.00. Det nye årsskriftet er nummer 16 i rekkja, og som vanleg er det mykje godt og historisk stoff som blir presentert i det nye årsskriftet, fortel leiar John Moe til Todalen.no.

Det var stior interesse for historielagets bokslepp - hefte nr 14 vart "slept" i ungdomshuset sist laurdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå boksleppet i ungdomshuset i fjor haust. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Som vanleg er det denne dagen høve til å hente sitt årsskrift for dei som er medlemar i laget, medan andre for kjøpe det nye årsskriftet.  Årsskriftet er også ei populær julegåve, og det er mange som nyttår høvet til å sikre seg eit antal for å sende til slekt og vener som bor utafor bygda, seier Moe.

Laurdag byr historielaget på ein kaffedråpe og nystekte bakels i tillegg til underhaldning som er planlagt.  Her bys det på kåseri med Ola Bræin frå Sunndal, som også har med seg munnspelet.  I tillegg vil «skannerpatrulja», Ingri og Ragnhild, vise blinkskot frå historielagets digitale arkiv som lysbilete, og sjølvsag blir det høve til å kjøpe årsskrift og anna materiell som er kome ut tidlegare. Underhaldninga startar kl 14.30.

bokslepp_arsskrift_2016_plakat

 

 

Publisert: 15. november 2016, 22:21