Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historia engasjerer bygdefolket

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2019

Det var godt oppmøte og stort engasjement på temamøtet om stadnamn langs Toåa eller Storelva som mange seier. Det var Todalen historielag som inviterte til temamøte eller nærare sagt arbeidsmøte, der det var høve til å studere kart og avisutklipp som var lagt ut på borda.  Leiar i historielaget, John Moe, var imponert over det gode frammøtet, og håpa å få mange namn på kart og bilder som var lagt ut på borda.

Leiar i Todalen historielag John Moe fikk mange stadnamn og anna info på blokka og var godt nøgd med temamøtet om stadnamn langs elva. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I samband med Drivaskjønnet på 80-talet vart det utarbeidd kart over Toåa med namn og nummer på hølane og kven som er eilvaeigar.  Her er dei fleste hølane namnsett, men det er enkelte hølar som har forskjellige namn etter kva side på elva det gjeld.  For eksempel heiter den same hølen Bakkbygninga på Halasida og Hagan på Brusetsida.  Mange av hølane har også engelske namn frå Phillips-tida, og det er litt usikkerheit om kvar dei forskjellige hølane er.  For eksempel vart det diskusjon om kvar «Gallery pool» er. 

– Ein god del namn er i ferd med å gå ut av bruk, og no er det berre generasjonen vår som kan hugse slike ting. Derfor er det viktig at vi får det på papiret slik at det blir teke vare på, sa leiar i Todalen historielag, John Moe.  Det er eit prosjekt i gang for merking av dei forskjellige hølane. Dette vil skje i samarbeid mellom Todalen Elveeigarlag og Todalen historielag, og prosjektet omfattar både fornying av gamle skilt og meir detaljert merking oppover elva. 

Mykje interessant å sjå – det var lagt ut permar med kart og avisutkløpp på borda – det skapte stor interesse og engasjement. Frå venstre Kari Kvendset, May Holten, Borghild Talgø, Marit S. Søyset og Lars Redalen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det har nok sin naturlige forklaring at namna både langs elva og andre plassar blir glømt, eller det bli laga nye namn.  Tidlegar var namna mykje meir i bruk i samband med beiting, slåttearbeid/markaslått og laksefiske blant bygdefolket. Da var det mykje meir påkrevd å bruke namn for å finne og beskrive rette plassen. – Vi må prøve å få fram i dagen dei gamle namna og aller helst få dei i bruk i gjen, sa John Moe.  Moe var godt nøgd med oppmøte og engasjement og hadde fått mange stadnamn og andre ting på blokka i løpet av kvelden.

Sjynågardinga som konsentrerte seg om nedre del av kartet over hølane i Toåa. Frå venstre Håvard Halset, Anders Halset, Anders Talgø og Knut Halset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Sven Olav svinvik og Ingri Bruset frå historielaget fikk mange nye namn på gamle bilder. Foto Driva/Jon Olav Ørsal

Godt frammøte – Todaleingane er interesserte i historia si. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. oktober 2019, 21:19