Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hett & svett – fint og flott!

Hett & svett – fint og flott!

Elinor Bolme Måndag 9. september 2013

Hett & svett vart det endelege navnet på Todalens nye trimavdeling på gammelposthuset. Å kalle det treningssenter er vel kanskje å dra det litt langt, men eit veldig fint og stort trimrom har det i alle fall vorte etter månader med oppussing. Hovedsakleg av ungdomane i bygda. Knut Bergli har vore ein viktig pådrivar saman med ungdomane, og han var stolt av å endeleg få vise fram den nye trimavdelinga til bygdafolket.

Hett & svett vil være ope for alle medlemmar i Todalen Idrettslag. Men ungdomar under 14 år i følge med ein foresatt. Det er heller ikkje oppsett organisert vasking enda, så her er det folkskikken som rår, slik at kvar enkelt brukar tek ansvar, fortel Knut.

Under åpninga var det servert kaffe, kaker og nystekte bakels, med stort lotteri i tillegg. Her kom det inn heile 5000 kroner, som går til utstyrskontoen. Utruleg mange tok turen til åpninga av Hett og svett. Mange for å sjå om kanskje dette kunne være noko for dei. Etter kvart vil det bli oppsett blandt anna reine dametider, slik at terskelen til å komme og prøve skal bli mindre.

Navnet vart bestemt under høgtidleg avstemming, der dette alternativet fekk 16 av 31 innkomne stemmer. Ingri Bruset var den som kom med det vinnande navneforslaget.

Her er trekningslista frå lynlotteriet: Trekningsliste lynlotteri

Under er eit rikhaldigt fotogalleri frå åpninga. Alle foto Jon Olav Ørsal.

Først publisert: 9. september 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 8. september 2013, 20:44