Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hett og Svett blir framleis stengt

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2020
Frå Todalen I.L. har vi fått melding som påverkar bruken av treningsstudioet «Hett og Svett» som har tilhald i det gamle postkontoret på Kvennset.  Dei skriv: «Hovedstyret i Todalen IL har beslutta at «Hett og Svett» framleis skal være stengt. 
Avgjerda er teke etter innspel frå kommuneoverlege Buan om kva som må på plass med tanke på smittevern og smittesporing ved ei eventuell opning av treninsstudioet. Ny vurdering blir gjort i løpet av august. Dette vedtaket fører altså til at ytterdøra no er stengt.  pressemeldinga er underskreven av Jo Gjeldnes i Todalen IL – anleggsgruppe, «Hett og Svett».
Publisert: 13. juli 2020, 14:12