Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spesiell helsing frå Oslobøgda

Spesiell helsing frå Oslobøgda

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. desember 2010

Frå Eirik Husby har vi fått ei litt spesiell julehelsing. Bandet han spelar i “Snow On A Mountain” held på og spelar inn ny plate, og han har laga ein demo som han ønskjer å dele ut som ei julehelsing til todalingane. Han har sørga for at det er kome eit antal slike demoar til ICA Todalen, og da er det berre å være raskt ute så får du deg ein. Her gjeld det å være raskt ute, for her gjeld regelen om “Først til mølla…”. Nedafor kan du lese e-posten vi har fått frå Eirik:

Nissen i frå Snøfjellet, også kalla Snow On A Mountain-nissen kjem i år til å legga ut ei musikalsk julegåve til alle Todalingar og folk som fer forbi Hals-bua. Bandet som i dag består av Lars Olav Husby, Olav Tronsmoen og Eirik Husby ønskjer med det å seie god jul til alle der heime. Dei jobbar om dagen med å forberede seg til konsertar og plateinnspeling neste år og når det blir vår og grønt, har dei plan om å koma til Todalen for å spela, noko dei ser skikkeleg fram til! Om gåva så kan dei fortelje at det er ein song som blei spela inn sommaren 2010, og som heiter East End Angel. Om dei ønskjer å gi noko for den, så oppfordrar bandet til å gi ein slant eller ei teneste til nokon som treng det. Også ein ting til, det er første mann til mølla, men samtidig så ønsker dei at flest mogleg skal få.

Til slutt vil Snow On A Mountain ønske alle ei god jul og eit godt nyttår!

Last ned Snow On A Mountain – East End Angel (mp3-versjon) (høyreklikk og velg «lagre som», om sangen startar automatisk)

Nedafor finn du bilder som Eirik har sendt oss frå arbeidet i studio.

Først publisert: 22. desember 2010, 23:45 - Sist oppdatert: 23. desember 2010, 17:05