Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hektisk på nisseverkstedet

Hektisk på nisseverkstedet

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. oktober 2013

På denne årstida er det nok stor aktivitet på mange «nisseverksted» rundt i distriktet.  I Moa-fjøset er det ikkje noko unntak, for der er Magne Søyset i full gang med sine tresløydprodukt. No er han i innspurten, for alt neste helg (8. og 9. november) er han på plass på julemessa i Rindalshuset for å by fram sine produkt, saman med mange likesinna.

Etter at Magne vart pensjonist og det var slutt på sauedrifta, var fjøset gjort om til hobbyrom. Så snart Magne har litt ledig tid er han å finne i hobbyrommet, der han enten dreier, høvler eller pusser på eit eller anna. men det største problemet er at det hoper seg opp med ferdigvarer, og da er jule messene ei høveleg anledning til å få vist fram produkta og gjort ein og anna handelen.

Magne har mykje rart i kolleksjonen sin, og han seier at det er emnet han har som bestemmer kva produkt han skal lage. På sommars tid tråler han alle lier for å finne spesielle emner som kan bli til ein bolle, lampe eller ein kniv når emnet er tørka og han bruker mørke kveldar til å trylle fram eit eller anna frå meir eller mindre spesielle emne.

I sommar bygde Magne ny garasje. Her vart det plass til eit lite utstillingslokale mellom takstolane, og dermed vart det montert hyller og litt lys. Her kjem produkta verkeleg til sin rett, og dersom du treng eit eller anna til ein 50-årsdag så veit magne råd.

Bilder frå hobbyrommet til Magne Søyset.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. oktober 2013, 19:00