Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hektisk  førebuing  på  Kårvatn….

Hektisk førebuing på Kårvatn….

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. januar 2010

Staben som skal arrangere NM og Skandinavisk Cup i skialpinisme i helga jobbar på spreng for å få opplegg og utstyr i orden. Det er knappe to veker sia Todalen I.L. og Kårvatn fekk førespurnad om å ta arrangementet. Det går brå seier Gudmund Kårvatn som har ein ivrig og dyktig funksjonærstab med seg i arbeidet.
Laurdag er det individuelle konkurransar og søndag er det lagkonkuransar. Begge dagane med start på Kårvatn med løype opp mot toppen Tydalsnebba på 1274 meter. Altså ein høgdeforskjell på over tusen meter.
Konkurransen går ut på å gå på ski eller klatre opp til toppen og så renne nedatt igjen og kome først i mål. Det seiast at dei vante løparane brukar ca ein time tur/retur på 1000 høgdemeter. Det er også meininga at det skal bli høve til å prøve seg i løypa for den som vil. Vi kjem att med meir informasjon om korleis det kan foregå.
Det blir fint å vere publikum slike dagar, seier Gudmund Kårvatn og Nils Ove Bruset frå Todalen I.L.
Dei oppfordrar publikum til å ta turen opp i lia til området kring løypene. Værmeldinga er bra til laurdag og søndag, og det blir nok sol oppe i Dalalia, og temperatuen er også betre oppe i lia enn i dalbotnen.
Redningshelikopteret frå Ørlandet skal simulere ein redningsøving i området, så det blir rikeleg med underhaldning under og etter arrangementet.
På Kårvatn er det rydda ein kjempestor parkeringsplass, der det blir fine forhold for parkering. På Bekkjaøya vert det også sett opp eit varmetelt, slik at det går an å få litt varme og forfriskningar. Vi kjem att med meir info etter kvart.
Hit oppå toppen av Tydalsnebba (1274 m.o.h) går løypa. Den siste biten blir nerast klatring  sier Gudmund Kårvatn.  Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 26. januar 2010, 19:40 - Sist oppdatert: 30. desember 2010, 10:05