Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Heime  frå  fjellbeitet

Heime frå fjellbeitet

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. september 2010

Beiteforholda i fjellet har stått sitt høgste, og dei fleste sauer og krøter er komne heim frå fjellbeitet. Det har i år vore gode beiteforhold, men no er nok hausten i ferd med å gjere sitt inntog i fjellet og beitekvaliteten er redusert. I tillegg spøker også rovdyrproblema, og vi høyrer at jerven gjer stor innhogg i sauflokkane. I år ser det ut til at desse problema er moderate i Todalsfjella, men sauleitinga er enno ikkje slutt så resultatet er enno litt usikkert.

Bjørn Kvendset er imidlertid godt nøgd med årets beitesesong, da han berre har mista 2 dyr denne sesongen av dei ca 180 han sendte til fjells. Han må mange år attende for å finne slike resultat. Han starta sankinga tidleg i august, og har nok lukkast med tidleg nedhenting, sjølv om det tærer hardt på heimebeita.  Bjørn har hatt sauene på beite i området rundt Kjerringa, og resultatet er nok litt rart når ein kjenner det store taper på Ålvundeidsida og Innerdalen.

Publisert: 14. september 2010, 19:05