Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Heile bygda på frokost

Heile bygda på frokost

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mai 2012

Fotballgruppa inviterte heile bygda på frokost i Ungdomshuset  – og bygdafolket dei kom! Det var iallfall 148 som fikk servert frokost i Todalen undomshus på 17. mai, og det var dekt opp både i storsalen, scena og på galleriet. Det var dekt opp eit rikhaldig frokostbord i maltsalen, med masser av pålegg, drikke og både hardkoka og blautkoka egg. Det var som sagt fotballgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør, og frokostarrangementet var flytta frå Bordholmen til Ungdomshuset på grunn av utrygge vêrforhold. Det hadde nok vorte surt med frokost under open himmel på Bordholmen denne dagen.

Det har vorte ein god tradisjon å samlast til 17. maifrokost, og deltakartalet har auka frå år til år. Det var veldig triveleg og sosialt – og vart ein skikkeleg suksess, seier Borghild Talgø som er ledar i fortballgruppa i Todalen idrettslag. Og med slik oppslutning vil det nok gje nokre skikkelege slantar i lagskassa også.

Etter frokosten var det taugdraging og leikar for borna. Der vart det til dels harde kampar om tampen, der bygda vart delt etter dei gamle grensene mellom Ulv, mot Troll og Steinbit. Det vart nok nokre bukser som måtte byttast før folketoget og  hovudfeiringa  i skulen kunne starte, men det høyrer da med på ein slik dag.

Vi kjem i løpet av kvelden med meir frå folketogen, gudstenesta i Todalen kyrkje og arrangementet i skulen etterpå.

I bildegalleriet nedafor viser vi glimt frå frokostarrangementet i Todalen ungdomshus.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2012, 18:21