Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hausttur til Mulneset

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Stavgangturen denne veka gikk til Mulneset, med start frå Søyabanen. Mulneset er ikkje så langt frå staden der det er planlagt at flytebrua skal få sitt landfeste på nordsida av fjorden, dersom flytebrualternativet blir aktuelt. Randi og Vidar Sogge var som vanleg utrusta med kamera på turen, og har sendt oss mange fine bilder  som vi viser i bildegalleriet nedafor.

I ein e-post til Todalen.no  skriv dei: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 25. september ved fotballbanen til IL Søya for å gå til Mulneset, ikkje langt frå der flytebrua frå Røkkum etter plana skal koma i land på Kvennasida. Etter returen frå Mulneset vart det matpause ved Søyabanen.  Neste veke, torsdag 2. oktober, møtest vi hos Randi Lysø i Nestua i Torvika. Turen går etter eigne ønske mot Storhaugen eller fyrlykta. Vanleg niste og utrusetning.»

Bildegalleri frå turen til Mulneset. Foto: Randi og Vidar Sogge

 

 

 

Publisert: 26. september 2014, 09:01