Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hauststormane tok knekken på Brusetløå

Jon Olav Ørsal Måndag 5. mai 2014

Dei siste dagane har det vore aktivitet med riving av den gamle Brusetløå. Med god hjelp frå Arne Gjeldnes med gravemaskin er heile bygget revet og og har hamna på bålet. Løå fikk ein skikkeleg knekk under hauststormane i fjor haust, og det var ikkje lenger botvon i det gamle bygget, fortel Ola Bruset, som var huseigar.

Det var eit gamalt og innhaldsrikt bygg som no gikk over i historia, men det meste av gammelt utstyr og innhald er sortert og  teke vare på. Mellom anna var det ein del gammelt hesteutstyr og utstyr for trøsking og maling av korn.  I løa var det også eit lite sagbruk, som ikkje har vore bruka på lang tid. Bordkledninga som det ikkje var råteskader på er teke vare på med tanke på gjenbruk til ymse formål. No er rivinga ferdig, og i løpet av nokre dagar er nok tomta og området rundt rydda.

Todalen historielag har fulgt med på det som har skjedd, og har nok sikra seg både bilder og anna dokumentasjon på korleis løa har vært innreidd, og utstyret som har vore på bruk i den gamle løa. Alderen på bygget er uviss, men vi må nok langt attende i tid på den eldste delen av løa.

Nedafor har vi nokre bilde frå riving som har pågått dei siste dagane.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 5. mai 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 4. mai 2014, 22:38