Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Haustsesong på Hageland

Haustsesong på Hageland

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2013

Hageland i Surnadal rundar av sommarsesongen, og er alt godt i gang med haustsesongen. Det betyr at busker, trær og utekrukker går til halv pris, medan butikken er prega av eit stor utval i blomsterlaukar og mange nye og spanande inneplanter, fortel butikksjef Ingeborg Langan. Det er slutt på søndagsope for i år, men laurdag er butikken open til kl 16, medan det andre dagar er ope til kl 18.

Er draumen fulle blomsterbed med tulipanar, da er det tid for å planleggje det no. I butikken er det mange spanande sortar å velje mellom. Kombinerer du ulik typar lauk, kan laukkbeddet blomstre langt utover neste sommar. Ein god kombinasjon kan være krokus, tulipan og ein seintblomstrande allium (løk). Laukane kan settast på same stademn, for dei har forskjellig settedybde. Kor dypt ein løk skal settast står på pakka, men ein god tommelfingerregel kan være ca tre gong laukens størrelse.

Publisert: 6. september 2013, 19:31