Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Haust  i  fjellet

Haust i fjellet

Jon Olav Ørsal Måndag 13. september 2010

September er rekna som den første haustmånaden, og i fjellet held hausten på og gjer sitt inntog. Sauene er på veg heim frå fjellet, og haustfargene trer fram og vert sterkare for kvar dag som går. Fredag starta rypejakta, og ein høyrer hyppige haglesmellar rundt omkring fjelltoppane. Jegrane som var med frå starten hadde fint turvêr i helga, sjølv om den søraustlege vindretninga ikkje er rekna som godt jaktvêr. Det er fint å gå i fjellet om hausten, og vi kan enno få mange fine turar før vinteren tek over og snøen kjem. Nytt høvet til å ta deg ein tur, og nyt den klåre fjellufta og den fine utsikten.

Nedafor viser vi nokre bildeglimt frå den gryande hausten på Lauvåfjellet sist helg.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. september 2010, 22:00