Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haugabu var svaret

Ole Petter Talgø Fredag 15. november 2013

Det var nok ei kinkig gåte som låg ved dagens bilete i går, men svaret var Haugabu. Blant dei som såg dette var Bjørn Halle og Sven Olav Svinvik.

Innsendar Ingri Bruset skriv;
Heimen vart bygd på desse murane først på 30-talet. I dag er det tett granskog på denne staden. Den gongen var det nok ikkje tett skog her, og utsikta var nok fantastisk. Huseigaren flytta huset i 1947 til ein anna fint plassert stad i bygda.

Haugabu som står på Halle i dag.
Det er Olav T. Halle med familie som no bur i denne heimen.
Det var Edvard Jeldnes som bygde dette huset ikkje så langt frå der tv-masta på Gjeldnes står i dag. Om Edvard kunne mykje våre nemnt, men her kort omtala: Han var i Amerika og dreiv farm der, og han dreiv heimgarden Nestua på Gjeldnes. Han var ein flink felespelar og også felemakar. Edvard var gift med Dordi frå Austistua på Halle.

Først publisert: 15. november 2013, 02:28 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:48