Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du treft Hennie på Matkroken?

Jon Olav Ørsal Sundag 10. januar 2021

Hennie Kvendset Fiske er ny laurdags- og søndagshjelp på Matkroken i Todalen.  For deg som ikkje kjenner Hennie så kan vi fortelje at ho har mykje todalsgener i seg, men ho har vakse opp på Kvanne – nærare bestemt i den gamle doktorbustaden der dr. Folsland heldt hus.  Hennie skal være laurdagsvikar og ha kioskope enkelte søndagar – og så er det plana at ho skal være sommarvikar når det lir så langt. 

Hennie har mykje todalsgener i seg – faktisk både på morsia og på farsia. Men ho har vakse opp i den ganle doktorbustaden på Kvanne, der dr. Folsland regjerte i gamle dagar. Foto: Jon Olav Ørsal

No går ho andreåret på Surnadal vidaregåande der ho er å finne på linja studiespesialiserg, og når vi prøvar å få ho ut på glattisen med seinare studieretning, så røpar ho at ho har lyst til å jobbe med barn eller oppvekst, og da kan det nok bli både barnehage, skule eller kanskje andre ting – tida får vise.  Ho tykkjer det er godt å tene nokre kroner ekstra, og da er det sjølvsagt stas å få fast jobb som passar saman med skulegongen.  No på nyåret er det også mykje heimeskule på grunn av koronasituasjonen og smittefaren og da tykkjer Hennie at det er godt å kome ut og treffe folk.     – Eg er egentleg veldig sosial av meg og har stort behov for å ha folk i rundt meg, smiler Hennie. 

Når vi snakkar om gener så har ho slekt frå begge sider som kjem frå Todalen – på morsida er det frå Skogen i Sissigrenda og på farsida frå Utigarden på Kvendset, der bestemor Liv kom frå.  Og i tillegg har Hennie faktisk gått eit år på skulen i Todalen.  Det var i fjerde klasse, medan dei restaurerte lokala til Stangvik skule for nokre år sia.  No blir altså Hennie å treffe på Matkroken i Todalen på laurdagar og på kioskope på søndagar…..

Først publisert: 10. januar 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 9. januar 2021, 19:11