Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du mista minnekort?

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juli 2015

Jostein Bruset var på tur til Tristeinan saman med familie og venner i går, og fann eit minnekort i den merka turstien som går over til Innerdalen. Funnet vart gjort mellom Talgø-Storhaugen og Tristeinan ca 2-300 meter før Tristeinan. Minnekortet inneheld bilder frå tur til Lysefjorden/Prekestolen og frå andre aktivitetar i tursamanheng.

Det er eit 8 GB minnekort av merke Kingston som vart funne, og kortet er lagt inn hos Matkroken Todalen (tlf 71 66 38 00) , og kan hentast der.

 

Publisert: 14. juli 2015, 11:02