Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du lyst til å bli brannkonstabel?

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mars 2014

I Todalen har Surnadal kommune ledig jobb som deltids brannkonstabel frå 1. juli, kan vi lese på heimesida til Surnadal kommune.  Ein av konstablane når no aldersgrensa for slik teneste, og vi har godt håp om at nokon kan bli med å ta del i brannsikringsarbeidet lokalt i Todalen, seier brannsjef Tor Arne Moen til Todalen.no

Han skryter av brannmannskapa i Todalen, og seier at det er ein triveleg og motivert gjeng som det er greit å samarbeide med.  Vi synes iallfall at det er viktig med lokale brannfolk, som kan være raskt på plass og starte sløkkingsarbeidet. Brannmannskapa har også ansvaret for hjartestartaren, og da er også tidsfaktoren viktig.

Arbeidsoppgåver blir å delta i brannstyrken i Todalen, i tillegg til deltaking på 6 øvingar i året.  Det blir sett krav til at ein helst må ha arbeid og bustad i nærleeiken av brannstasjonen i Todalen, og den som får stillinga må seia seg villig til å ta pålagd opplæring.  Du kan lese meir om stillinga og finne elektronisk søknadsskjema på heimesida til Surnadal kommune.

 

Publisert: 5. mars 2014, 16:13