Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du gamle plantesortar som er kjøpte frå Svinviks arboret?

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. juni 2017

Svinviks arboret ønskjer hjelp frå publikum til å finne sortar og gamle typar av kulturplantene som vart selde frå Svinviks arboret under Anne og Halvor si tid. Vi i arboretet ønskjer å samla inn meir kunnskap om kva planter som har vore selde i Svinvika gjennom tida. Vi er også interesserte i om nokon har spesielle minner knytt til besøk her i hagen, frå den tida Anne og Halvor var her.

Til dømes ei interessant historie som er knytt til ein av vekstene i hagen. Send oss gjerne di historie på e-post, eller du kan levere eit notat i kafeen. De kan også kontakte oss via vår side på Facebook.
Dersom du har ei plante frå den aktuelle perioden som fortsatt lever er vi også interesserte i eit foto og ei beskriving av den. Dersom planta ikkje finst lengre, men du har eit godt foto er det også interessant.
NB! På grunn av risiko for snegler og ulike sjukdommar kan vi ikkje ta i mot planter til arboretet. Vi ber difor heller om foto.
 
Kontaktperson Katarina Wedelsbäck
katarina@nordmore.museum.no
svinviks.arboret@nordmore.museum.no
facebook.com/svinviksarboret

Publisert: 29. juni 2017, 20:53