Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du fått i hus påskekrimen?

Jon Olav Ørsal Sundag 30. mars 2014

I vinter har det vore bra utlån ved bibliotekfilialen i Todalen oppvekstsenter. Karen Johanne Talgø fortel at det er jamt god etterspørsel etter alle typar bøker, men ventar no litt ekstra etterspørsel etter krim som lesestoff til påske.

KarenJohanne_9454

Karen Johanne kan by på både i påskekrim, og anna litteratur. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er enno ope 2 torsdagkveldar før påske, nemleg 3. og 10. april, i tidsrommer 18.00 – 20.00. Dersom du vil ha spesielle bøker som vi må låne på hovudbiblioteket lønner det seg å vere raskt ut, seier Karen Johanne. Skjærtorsdag 17. april er det påskeferie, og dermed stengt,  men over påske er det ope igjen på torsdagar utover våren.

Da vi var innon ein biblioteket snartur, var Linde Volcke der for å låne seg bøker. Ho er frå Belgia, men bor i Todalen og les sjølvsagt norske bøker. Det gjer ho både for å lære betre norsk, og for at ho trives med å lese bøker.

 

Publisert: 30. mars 2014, 21:29