Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du bolig å leie ut eller selje i Todalen?

Elinor Bolme Laurdag 16. juni 2018

Kartleggjingsgruppa for boligmarkedet i Todalen er godt i gang med arbeidet for å kartleggje ledige bustader i bygda. Dei har sett på alle hus i bygda og sett dei i skjema for å kartleggje kvar det kan vere aktuelle utleigeplassar. I Todalen er det utruleg mange hus som er nytta til feriebustadar, fortel gruppeleiar Bjørn Gunnar Ansnes. Vi ønsker no å komme i dialog med desse, for å høyre om nokon kan være interesserte i å leige ut for ein periode.

Derfor har vi laga eit enkelt spørjeskjema som vi håpar interessentar kan fylle ut å sende inn til oss, fortel han. Skjemaet er av enklaste sort, og hamnar rett i eposten til Bjørn Gunnar, som vil ta kontakt med den som svarar. -Men er det andre som har ledige hus er vi naturleg vis interesserte i desse også!

-Vi har allereie fått inn ein utleigebolig som vil bli presentert i løpet av neste veke, og vi har vorte kontakta av eit par som ønsker å kjøpe hustomt i bygda, så dette ser verkeleg lovande ut så langt, seier Bjørn Gunnar.

Om du har noko å bidra med til kartleggjingsgruppa fyller du ut skjemaet under. Ønsker du å komme i kontakt for å leie eller bli Todaling, ja da kan du også fylle ut skjemaet!

Publisert: 16. juni 2018, 13:00