Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Handlar lokalt, tenkjer globalt

Elinor Bolme Onsdag 14. mars 2018

Reint vatn, solide doar og god hygiene til flyktningar er stikkorda når sokna i Rindal og Surnadal samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon, 18-20 mars. Fjorårets bidrag fra Rindal og Surnadal på til saman kr.132.582,- ( tilsvarar rent vann til ca. 700 mennesker ). Dette var til stor hjelp for flyktningar frå Boko Haram og Kongo

– Då me var på flukt hadde me ikkje noko vatn. Me klarte til slutt å finne noko vatn, men det var skittent, fortel Kany.

Ho brukte å ha eit heilt normalt tenåringsliv heime i Kongo. Gjekk på skulen, hadde eit trygt liv med familien og sang i kor i den lokale kyrkja. No bur ho og familien i eit telt i ein flyktningleir. Dei er nokre av over seks millionar kongolesarar som i dag er på flukt.

– På flukt utan mat og vatn

Kany og familien flykta frå ein krig som blussa opp i Kasai, der dei budde, og familien måtte legge ut på ein flukt som har sett spor i 14-åringen.

– Me våkna av at det var skyting i byen, og la på sprang med ei gong. Me rakk ikkje ta med oss noko. Me var på flukt i skogen i fleire dagar, og måtte gå langt utan verken mat eller drikke, fortel Kany, som saknar venene og heimen sin i Kongo.

Ho og familien kom seg trygt over til nabolandet Angola, der dei no har slått seg ned medan dei venter på at krigen heime skal ta slutt. Takka vere støtte frå mellom anna Fasteaksjonen har Kany no tilgang til reint vatn berre eitt minutt frå teltet kor ho bur.

– Fasteaksjonen er viktig når det hastar å hjelpe

Det er Kirkens Nødhjelp som leverer vatn, toalett, hygieneartiklar og tømmer søppel i leiren der Kany bur, og pengane som kjem inn gjennom den årlege Fasteaksjonen er heilt sentrale i dette arbeidet.

– Pengane me får inn gjennom Fasteaksjonen gjev oss ein økonomisk muskel som gjer det mogleg for oss å reagere raskt når ein krise oppstår, slik me gjorde i Angola då flyktningar kjem over grensa frå Kongo. Då kunne me kome fort i gang takka vere pengane frå våre norske gjevarar, mens me venta på meir støtte frå andre gjevarar, slik som FN. Støtta frå det norske folk gjer til at me kan handle raskt og redde fleire liv, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.

Aksjonen vert i år arrangert for 51. gong, og frivillige over heile landet samlar inn pengar ved å gå med bøsser eller ha ulike arrangement. Pengane går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

 – Også i år skal me i sokna Surnadal og Rindal gjere ein innsats for Kirkens Nødhjelps arbeid. Som ei norsk kyrkje er me også del av den globale kyrkja. Det å gje av det ein har, og vise omtanke for andre, er viktige verdiar for oss som kyrkje. Gjennom Fasteaksjonen får me moglegheita til å hjelpe medmenneske over hele verda, seier diakon i Rindal og Surnadal kyrkjelyd.

For ytterlegare spørsmål og informasjon kan de gjerne kontakte: Gro Hauge Venås, post@surnadal.kyrkja.no, tlf.71657060.

 

Først publisert: 14. mars 2018, 04:18 - Sist oppdatert: 11. mars 2018, 21:25