Det er slutt på rasjoneringa av drivstoff ved HalsOils. Tysdag kom Vegard Mogstad frå Midtnorsk Olje AS med ein full tankbil med drivstoff av alle slag. Han måtte ha ekstratur med billbåten Maursund på grunn av bensinlasten han hadde ombord. No er det slutt på rasjonering av drivstoff, og dermed muleg å fylle full tank igjen.
Med MS Maursund vart nok mange problem løyst i Todalen. Turistar som skulle heim for å starte på jobb igjen kom seg ut, og todalingane fekk forsyningar inn. Kraftforbilen frå Røv Mølle vart også oppservert, og dermed er det slutt på segling med kraftforprammar på Todalsfjorden for denne gongen.
No er det mest fokus på at hurtigbåten og bilbåten går i slik rute at todalingane kjem seg ut på arbeid, og folk utafrå kjem seg inn til Todalen på arbeid.
Måtmannskapa er iallfall godt mottekne. Dei har aldri opplevd slik mottaking som dei har fått i todalen, og har alt «funne tonen» med todalingane og trives her i lag med oss. Dei har fått berre positive tilbakemeldingar og det gjer no at dei strekkjer seg langt for å finne løysing i lag med bygdefolket.
Det har vore nokre utfordringar med bilferja og ombordkøyring på båten, men dette har vorte løyst etter kvart som problema har dukka opp. Det har vore slik at vegen har vorte bygd medan vi har gått. On sdag startar rensinga av rasområdet, og snart tek vegarbeidet til. Snart blir nok alt som normalt!
Bildegalleri frå tysdagens hendinga og turen ut fjorden. Alle foto: Jon Olav Ørsal