Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Halsesamlinga på flyttefot

Halsesamlinga på flyttefot

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. september 2010

Onsdag kveld hadde Halsesamlinga årsmøte eller såkalla almannamøte i gammelskulen. Kriteria for å delta på årsmøtet er at du er todaling og formålet med Halsesamlinga er å ta vare på kulturarven etter forfattaren Leif Halse. Forutan vanlege årsmøtesaker var det to viktige saker som almannamøtet skulle ta stilling til. Den eine var flytting av Halsesamlinga fra Gammelskulen til biblioteket i Todalen oppvekstsenter og den andre var styrets forslag om å legge samlinga inn under Todalen historielag.

Flytting av Halsesamlinga til biblioteket var komen på dagorden på grunn av at Gammelskulen er lagt ut til slag. I tillegg er fuktproblem og dårleg vedlikehald i Gammelskulen grunn nok til å sikre samlinga i betre egna lokaler. I desse lokala vil også samlinga vere meir tilgjengeleg, sjølv om skulen er stengt i 4 veker om sommaren. Saka skapte litt debatt, men vedtak om flytting vart einstemmig.

Einstemmig vedtak vart det også i spørsmålen om å legge Halsesamlinga inn under Todalen Historielag. Etter at Fonna Forlag og etterkomarane til Halse-familien endra dei økonomiske vilkåra slik at det vart slutt på royalty-inntektene til Halsesamlinga, er grunnlaget for å stå på eigne bein nerast borte. Royaltyinntektene utgjorde årleg 8-9.000 kroner. Det vart hevda at Todalen historielag, som har eit godt økonomisk fundament, er godt eigna til å ta vare på og vidareføre arbeidet til halsesamling. Styret fekk fullmakt til å tilpasse og modernisere statuttane til samlinga.

Etter møtet presenterte stiftinga «Gammelskulen lokalhistoriske senter» tankar og planer for framtidig bruka av Gammelskulen. I ein presentasjon hadde dei skisser muligheiter for framtidig bruk. Initiativ til stiftinga er det Ragna Kvendset, Alf Ramsøy, Olav Kvendset og Sjur Fedje som har teke. Dei jobbar ut frå tanken om at skulen skal tilhøyre bygda, da den representerer både ei sterk skulehistorie og at det var heimen der Leif Halse vokste opp. Eit av forslaga til gruppa er å skape eit fleirkulturet senter i Gammelskulen.

Det kom fram mange synspunkt på dette, og det vart poengtert at bygda allereie har ansvaret for velikehald og drift av mange store bygg. Det vart hevda at ei renovering og framtidig drift av Gammelskulen vil bli eit stort ansvar for eit lite bygdesamfunn.  Stiftinga «Todalen lokalhistoriske senter» skal presenter eit opplegg for overtaking og drift av gammelskulen for Surnadal kommune innan 1. oktober 2010.

Først publisert: 9. september 2010, 08:00 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:28