Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Halsesamlinga flyttar

Halsesamlinga flyttar

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2011

Laurdag var det storstilt flyttesjau i Halsesamlinga. Store og tunge arkivskåpar, møblar, haugevis med trykksaker og heile utstillinga var flytta over til biblioteket i Todalen oppvekstsenter. Ledar i Todalen historielag seier at flyttinga skjer for å gjere samlinga meir tilgjengeleg når ho no blir plassert i biblioteket. Samtidig legg ho vekt på at det i Gammelskulen lite egna lokaler for langtidslagring av arkivmateriale og trykksaker, på grunn av mykje fukt i kjellaren.

Halsesamlinga og Todalen historielag vart i fjor slege sammen, og det vart på årsmøtet i Todalen historielag gjort vedtak om å flytte Halsesamling til biblioteket. Det var styret i historielaget og det avtroppande styret i Halsesamlinga som stod for flyttesjauen. Halsesamlinga får no eit hjørne i biblioteket, og vil dermed bli meir tilgjengeleg for den som vil sjå samlinga, og samtidig vil det bli ein betre og tryggare lagrijngsplass for historielagets lager av trykksaker.
John Moe og Svein Åge Saksen igang med flyttinga.  Foto: Jon Olav Ørsal<

Publisert: 1. mai 2011, 06:00