Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Halse-måleri på auksjon på Halsadagen 8. september

Halse-måleri på auksjon på Halsadagen 8. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. august 2013

Er du på jakt etter å kjøpe måleri av Olav Halse, så er Bygdadagen i Halsahallen rette plassen. Der blir det nemleg aukjon på 3 måleri av Olav Halse samt 2 måleri til denne dagen.  Auksjonen skjer i regi av Halsa Heimbygdlag, og startar i Halsahallen søndag 8. septeber kl 14.  Du kan studere måleria på standen til Halsa Heimbygdlag på førehand.

Det er ein trønder med røter i Halsa  som vil auksjonere bort dei tre måleri av Olav Halse, samt to andre måleri av kunstnarar med tilknyting til Nordmøre.  dette skjer altså i samarbeid med Halsa Heimbygdlag.

Men du treng ikkje være interessert i måleriaksjonen for å delta på halsadagen, for dei kan også by på mange andre aktivitetar. I Bygdedagavisa kan du lese om alle aktivitatane som skjer denne dagen, i tidsrommet mellom kl 11.00 – 17.00

Dei 5 måleria som skal auksjonerast bort, kan du sjå i galleriet nedafor.  Foto: Halsa heimbygdlag

Publisert: 31. august 2013, 18:52