Er du på jakt etter å kjøpe måleri av Olav Halse, så er Bygdadagen i Halsahallen rette plassen. Der blir det nemleg aukjon på 3 måleri av Olav Halse samt 2 måleri til denne dagen. Auksjonen skjer i regi av Halsa Heimbygdlag, og startar i Halsahallen søndag 8. septeber kl 14. Du kan studere måleria på standen til Halsa Heimbygdlag på førehand.
Det er ein trønder med røter i Halsa som vil auksjonere bort dei tre måleri av Olav Halse, samt to andre måleri av kunstnarar med tilknyting til Nordmøre. dette skjer altså i samarbeid med Halsa Heimbygdlag.
Men du treng ikkje være interessert i måleriaksjonen for å delta på halsadagen, for dei kan også by på mange andre aktivitetar. I Bygdedagavisa kan du lese om alle aktivitatane som skjer denne dagen, i tidsrommet mellom kl 11.00 – 17.00
Dei 5 måleria som skal auksjonerast bort, kan du sjå i galleriet nedafor. Foto: Halsa heimbygdlag