Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Halsa Cup over for denne gong

Halsa Cup over for denne gong

Elinor Bolme Måndag 13. juni 2011

Laurdag og søndag var fleire lag frå Søya/Todalen på Halsa og spela cup. Todalen stilte kun med eit reint Todalslag i klassen knøtt, men hadde ellers med spelarar i klasssane G10, J10 , G12 og J12. Laurdag var sett av til dei minste spelarane, der det var full rulle på fire banar til ei kvar tid. Søndag var det kampar på tre banar for dei litt eldre spelarane, G12 og J12.  Her vart det både sigrar og tap for dei fleste av «våre» lag, men stemninga var uklanderleg for det. Neste helg dreg dei eldste av denne gjengen på Romsdalscup, både jentene og gutane. 

Turneringa hadde ikkje like mange påmeldte lag som ved tidlegare år, noko som gjenspeglar seg for fleire av cupane som arrangerast, også for vår eigen Todalsdag 2. juli.

Under er eit knipe teke i løpet av helga. Alle foto ElinorB

Publisert: 13. juni 2011, 13:38