Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hallvard og Alfred på langtur!

Hallvard og Alfred på langtur!

Elinor Bolme Onsdag 17. juli 2013

Randi Kvendset har sendt oss mange fine bilder frå då karane hennar var på fjelltur den 11. juli. Randi er gift med Ingebrigt Kvendset (Lauvvås) og dei har 2 jenter og 2 gutar i lag. Dei ferierer stort sett kvart år litt hos mor/svigermor Bodil i Todalen. Forrige veke tok Ingebrigt, Hallvard (10 år) og Alfred (8 år) turen på Vassnebba og Rambjøra, mens det enno var finver.

Tross ung alder på dei minste ser det ut som om turen gjekk som ein leik. Redaksjonen takar så mykje for bilda, og legg dei ut i eit bildegalleri. Vi oppfordrar fleire til å sende oss bidrag, da det ikkje er så mykje som foregår i bygda for tida.

Publisert: 17. juli 2013, 09:40