Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hald 100-lappen klar!

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2014

Ny utgåve av juleheftet «Jul på Nordmøre» er i sal.  I år som i fjor er det «Team Bolme» – Ola og Eivind som har lagt ut på salsturne med julehefter.  Dei har lasta opp sykkeltilhengaren med julehefter og ein stor plastikkbok for å ha pengar i.  Så her er det berre å halde ein eller fleire 100-lappar klare, alt etter kor mang hefter du vil ha. Eivind, som er kasserar, tykte det var praktisk at prisen i år er 100 kroner, slik at han slepp å hefte kundane med veksling.

Dei to starta sjølvsagt salsrunden med eit besøk i redaksjonen, – for å promotere produktet. Vidare går turen nedover Kvennsetgarden. Dei rekk nok ikkje heile bygda på ein kveld, så det resten av bygda må vente til ein kveld seinare.

Årets julehefte er på 68 sider, med variert frå mange lokale forfattarar, og er rikt illustrert med både farge og svart/kvitbilder og teikningar. Det  er Nordmøre ungdomslag som er utgjevar, og årets skriftstyre er Eistein Bæverfjord, Lars Steinar Ansnes, Mona Rita Rønning og Karin Ormbostad.

Publisert: 12. november 2014, 19:04