Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

HÆSTlatter med ny oppstetting

Elinor Bolme Måndag 12. november 2018

I helga blir det ny runde med HÆSTlatter på Skei. Eit knippe lokale, allsidige og kreative revyamatørar inviterer til trimming av magemusklane på Gladlaksen ved Thon Hotel Vårsøg både fredag og laurdag kveld. Her får ein stifte bekjentskap med både gamle og nye figurar som er opptekne av smått og stort i dalføret lovar gjengen i Kreativt Forum som står bak arrangementet..

Etter forestillinga på laurdag blir det også rå for ein svingom når bandet «Gøy på landet» spelar opp til dans.

Ikkje overbevist? Les meir på Trollheimsporten: Lover gapskratt på HÆSTlatter

 

Publisert: 12. november 2018, 22:54