Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gyldne sjanser.

Gyldne sjanser.

Elinor Bolme Sundag 11. april 2010

Førstkommende laurdag er det igjen ein gylden anledning til å få fra seg eventuelle overskudd etter vinterens sesong. Då dreg Todalen Sanitetsforening igang med den årlege innsamlingsaksjonen til Estland igjen. Det er no det 3. året dei arrangerer dette tiltaket, og vi blir oppfordra til å komma til sanitetshuset med det vi vil gje frå oss.

Og det kan vera så mangt; klede, leiker, tepper, gardiner, sengesett og elles anna som kan passa, både til ungar og vaksne. Sjå berre til at det er reint og heilt før de leverer det.

Det innkomne kan gjerne pakkast i svartsekkar, men det er ikkje eit krav. Men sidan det lyt betalast kr 25,- pr kolli, løner det seg kanskje å tenkje stort, melder dei i pakkekomitèen.

Ellers vil det bli både kaffe og inkvart attåt for dei som kjem innom.

Først publisert: 11. april 2010, 20:21 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:01