Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gruppelevering – nytt for Nortura

Gruppelevering – nytt for Nortura

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2013

Stengt veg og ferjetrafikk skapaer mange utfordringar i kvardagen. Torsdag skulle Nortura hente slaktdyr hos fleire levarandørar i Todalen. Problemet var berre at det var litt knapp tid til ferjeavgang, og tilsvarande lang tid til neste avgang. Løysinga vart at Nordtura kjørte til Viastua, og at dei andre bøndene kom det med sine slaktdyr.

Da vart det effektiv opplasting på Nordturabilen, og med litt godvilje fra skipperen på BF Førdefjord vart bilen med på første avgang. Dermed vart det minimalt med venting på både sjåfør og krøtter. For sjåføren vart det rikelig med tid for kaffe og svele på den 40 minutt lange ferjeturen frå Todalen til Kvanne. For resten av mannskapet vart det kaffe og bløtkake etterpå, noko som også kom bladfyken til del.

Gruppelevering av slakt, med base i Viastua.  Alle foto: Wenche Kvendset

Publisert: 22. august 2013, 12:23