Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grunnlovsjubilee og folkefest

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mai 2014

Vêrgudane vart meir og meir samarbeidsvillige utover dagen, og når folketoget starta frå Todalen oppvekstsenter var det både solgløtt og bra lufttemperatur og stemninga var god. Neste stopp var Todalen kyrkje, der sokneprest Bernt Venås helt gudsteneste for ei velfylt kyrkje. Etter gudstenesta var det kranspålegging ved bautaen, der Karin Helen Halle og Martinus Torvik sørgja for å minnast dei som hadde delteke i kampar for fedrelandet i perioden frå 1814 til og med andre verdskrig.

DSC_1684

Karin Halle frå Surnadal kommune og Martinus Torvik frå Indre Nordmøre forsvarsforening la ned krans på krigsminnebautaen ved Todalen kyrkje. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Så gikk folketoget som no hadde fått mange fleire deltakarar tilbake til oppvekstsentret. Frå kyrkja og oppover deltok også det korpset, som sørgja for feiande korpsmusikk som «liva opp» folketoget betrakteleg. Etter at skulekorpset vart nedlagt har ein mobilisert eit «dugnadskorps», og det var ikkje noko unntak i år. Frode grønmyr var initiativtakar, og deltakarane var rekruttert både blant gamle skulekorpsmedlemar og andre frivillige både i og utafor Todalen, og dirigent var Erik Moen som tidlegare har vore dirigent i Mo skulekorps. Vel attende ved oppvekstsentret heldt korpset ein liten minikonsert, før det var tid for å trekkje inn til gymsalen for middag og program. Ledar for jubileumskomiteen takka korpset som gjorde ein kjempeinnsats som vi er imponert over.

DSC_1729

Stor takk til korpset og dirigent Erik Moen! 17. mai uten korpsmusikk er utenkjeleg. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Neste post på programmet var middag. I høve jubileet var det i år velsmakande oksegrute med tilbehør på menyen, med tilhørande kaffe og marsipankake etterpå. Ordførar i Rindal, Ola T. Heggem heldt tale for dagen.  Tema for talen var sjølvsagt grunnlovsjubileet og hendingar knytta til det. Men han var også innom meir lokale tema, og understreka kor viktig det er å ta vare på lokalsamfunnet og den verdien det har for oss på bygda. Han sette fokus på kor godt vi har det i Noreg, som slepp å oppleve militærparadar og uniformerte soldatar på nasjonaldagen.  viktig å ha slike tankane når ein tenkje kva rolle demokratiset spelar og kva betydning Nato og FN har i slike samanhengar. derfor er det viktig å stå saman når det verkeleg gjelder. Grunnlovsfeiringa og feiringa av nasjonaldagen vart runda av med «Song til Todalen» som allsong og med Signe Grønmyr på pianoet.

Bildegalleri frå folketoget, gudstenesta og frå jubileumsfeiringa i Todalen oppvekstsenter finn du nedafor.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. mai 2014, 19:59 - Sist oppdatert: 18. mai 2014, 07:46