Grillparty i sommarkvelden - Todalen.no

Grillparty i sommarkvelden

Todalen idrettslag iviterte laurdag kveld sine medlemar til grillparty og ein svingom i Ungdomshuset. Etter mykje dugnadsarbeid tidlegare og føreståande arrangement som Todalsdagen og dugnadsinnsats på Laksefestivalen neste helg, ønska styret å gje litt att til medlemane. Derfor var det berre ein 50-lapp i billett, som inkluderte både inngang og grillmat. Norfolk frå Surnadal sørga for at det vart høve til ein svingom.

Frå eit av borda på uterestauranten framfor Ungdomshuset. Foto: Jon Olav Ørsal

Med vêrgudar som spela på lag, og med Knut Halset og Jon Olav Roaldset som grillsjefar, fyltes det opp rundt borda utafor Ungdomshuset. Honnør til kokkelaget for velsmakande grillmat som fall i god smak.

Elisabeth Aas fekk gåvekort og takkeklem frå ledar i T.I.L. Kari Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter maten foregikk resten av laget inne, og ledar i Todalen I.L. heldt tale for dagen og takka medlemane for stor innsats i lagets teneste. Ein spesiell takk retta ho til Elisabeth Aas og Per Hølaas for det fine måleriet som laget har fått til utlodding. Vidare utover kvelden var det Norfolk som sørgja underhaldninga med svingom ut i dei små timane som det stod på innbydinga.

Norfolk på scena i Todalen Ungdomshus. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Medlemmar

Nordvik Grendalag
Todalen Sokneråd
Todalen Sanitetsforening
Todalen Historielag
Sparebank1 Midt-Norge
Talgø Møbelfabrikk AS
Rossåa Settefiskanlegg
AMFI Kreativ
Todalen Brygge
Norsk Laksefestival
Todalen Elveeigarlag
Todalen Idrettslag
Todalen Småbåtforening
Eldremiddagen
Surnadal Pensjonistlag
AMFI Surnadal
Skulstuå i Todalen
Surnadal Kommune
Svorka
Karen Oddny's heim og hagetjenester
IL S�ya
Stangvikfestivalen
Start 4H
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Stangvik Historielag
Studio Saksen
Todalshytta
Kombi Regnskap
Driva
Todalen Bondelag
Viastua Gardsprodukt
Surnadal Sparebank
Skogkompaniet
Gjensidige Surnadal
ICA Todalen
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Surnadal Kulturhus
Trollheimsporten
Surnadal Regnskap AS
Søya og Todalen Skytterlag
Kårvatn Fjellutstyr

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Lør 18. mai: Arboretet er pinseope
    • Man 20. mai: Sykkeltrim
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør