Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grendelaget fortsett fokuset på bulyst og trivselstiltak

Elinor Bolme Måndag 29. juni 2020

Da har også Todalen Grendalag fått gjennomført sitt årsmøte etter koronaens inntog, tre månader på etterskudd. Trass eit noko labert oppmøte, kunne likevel styret presentere ei velfylt årsmelding og eit greit resultat for 2019.

Årsmeldinga viser eit bredt engasjement på ulike plan. Det er blant anna grendelaget som er ansvarlege for den stemningsfulle julegata i Todalen. Nytt av fjoråret var også eit julemarked i forbindelse med tenning av gata. Dette vart eit så bra arrangement, at dei allerede hadde sett ny dato for julegrantenning 2020; laurdag 28. november kl 15.

 

Trivsel kostar både i kroner og frivillige timar viser årsmelding og rekneskap. Julelysa i julegata har vore i bruk tre år og mange reperasjonstimar går med for å få kontuinitet i lyssettinga igjennom heile perioden ( ref siste side i årsmeldinga).

Laget gjekk nesten 20 000 kr kroner i pluss, men med ei gåve utbetalt på etterskudd, og ei utgift «på krita» frå  2017 vart det reelle driftsoverskuddet på nesten 6000 kroner: Todalen Grendalag Resultatregnskap 2019

Bjørn Gunnar Ansnes er leiar i grendelaget og saman med resten av styret jobbar dei for bulyst i Todalen.

Andre ting grendelaget har engasjert seg i er badeplassen i småbåthamna, arrangement av julebord i lag med idrettslaget og ikkje minst formidling av bustader til både langtids- og kortidsutleige. Grendelaget ønsker vidare å være ein pådrivar for bulyst i Todalen og ønska innspel frå årsmøtet om vidare arbeidsområder. Ikkje så mykje konkret kom opp, men styret tok med seg dei innspel som vart nemt til vidare drift gjennom resten av året.

Til slutt vart nytt styre valgt:

  • Leiar Bjørn Gunnar Ansnes (ikkje på val)
  • Kasserar Jostein Bruset, 2 år
  • Skrivar: Karin Halle (ikkje på val)
  • Styremedlem Øystein Moe, 2 år
  • Styremedlem Anne Grete Stokke, inn for 1 år etter Maria H Halle
  • Vara: Ola Haugen Ansnes, (ikkje på val) 
  • Vara: Jo Gjeldnes, 2 år

Les heile årsmeldinga her: ÅRSMELDING 2019

Publisert: 29. juni 2020, 21:44