Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt oppmøte til skyteprøve

Jon Olav Ørsal Tirsdag 16. august 2016

Førebuingane til storviltjakta er i god gang, og på skytebanen til Søya og Todalen skytterlag i Ranheimsvingen var det i kveld stor aktivitet. Når det obligatoriske prøveskotta var unnagjort, var det berre å prøve seg på sjølv skyteprøven som er 5 skott på dyrefiguren og alle må treffe innafor ein sirkel på 30 cm i diameter.

Ferdig med skytinga og ventar på resultatet. Frå venstre Ingar rønning, Tommy Røkkum, Rune Moe, Johan Hals, Einar Nes og yngve Røøyen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det har vore godt oppmøte på skyteprøver i heile sommar på, og no er det berre to kveldar att denne sesongen. Dei obligatoriske 30 treningsskotta må takast over 2 kveldar, før du får prøve på skyteprøven. Det vil seie at du må møte begge dei to siste kveldane dersom du ikkje har starta prosessen.

Det var god stemning på skytebanen, og den eine etter den andre var innom sekretariatet og fikk stempel og underskrift på kortet. Dei to siste måndagane med skyteprøve i Ranheimsvinen er 22. og 29. august!

DSC_3765

På dyrefiguren til høgre kan du skimte størrelsen på «blinken». foto: Jon Olav Ørsal

DSC_3766

Ivar Maalen, Jon Oren og Lars Halle trøydde tida på venterommet. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_3769

Trond Stenberg styrte sekretariatet. Her er det Einar Nes og Råg Mikkelsen som ordnar seg med medlemskontingent og ammunisjon. foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. august 2016, 06:00