Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God servering og godt samvær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. november 2019

Todalen sanitetsforening inviterte eldre sambygdingar til middag i sanitetshuset tysdag 12. november; eit kjærkome tilbod for mange! Det er godt å samlast til felles måltid og prat.

Jorunn ønskte alle velkomne ti bords. Foto: Dordi J H

Leiar i omsorgsberedskapsgruppa, Jorunn Hals Ørsal, ønskte velkomen til bords. Ho orienterte om maten og starta med å seia at det vart både kortreist og heimelaga mat. Ingrediensane til lapskausen var rett nok kjøpt, men hos den lokale kjøpmannen, Terje N. Nesten næraste nabo. Til drikke vart det servert blåbærsaft frå Austigarden, tyttebæra var plukka noko i Surnadal og resten i Todalen. Sviskegrauten kom frå Pestua, og til kaffien vart det servert heimebaka fyrstekake og sukkerkringle.

Praten stilna da maten kom på bordet, og folk åt godt og tykte alt smaka fortreffeleg; kjempegodt alt i hop!

Maren deler ut lykkeskilling og helsing til Annea. Foto: Dordi J H

Etter hovedretten var det utdeling «Barnets lykkeskilling» – eit fint, lite sølvsmykke som det er lang tradisjon for å dele ut  til nye verdsborgarar av Sanitetsforeiningar i Noreg.  Maren Ansnes, leiar i Sanitetsforeninga i Todalen, fekk i dag gleda av å dela ut lykkeskilling til Annea som snart er 8 månader. Maren  ønskte Annea  alt godt i åra som kjem! Annea og foreldra har nyleg flytta til Todalen, og Maren ønskte dei alle tre velkomne til bygda og håpa at dei vil få det godt og triveleg her.

Bjørnhild, til venstre, har vove dette fine åkleet. Glade mottakarar er Jorunn Gislaug og Maren. Foto: Dordi J H

Maren hadde ei overrasking på lur også, ei uventa gåve var kome i hus. Bjørnhild Fiske vev fine Nordmørsåkle, og ho hadde sendt eit retteleg fint åkle til Sanitetsforeninga. I dag var ho og mannen inviterte til middag slik at ho kunne få ein skikkeleg takk! Maren takka Bjørnhild for den flotte gåva og kunne fortelje at åkleet vil bli gevinst i kunstlotteriet i 2020.

Mange takk til kokkar og medhjelparar som hadde lagt ned så stort arbeid for å stelle i stand så god mat og få til ei slik triveleg stund i Sanitetshuset!

Fleire bilete:

Kokkane i dag var Jorunn Gislaug, Karen Johanne og Åse Johanne. Dei hadde laga lapskausen og baka kaffebrød, medan Maren var dessertkokk. Foto: Dordi J H

Kitty, Ingrid og Wenche synest det er kjekt å treffast. Foto: Dordi J H

Bjørnhild, Eivind, Reidar, Svein, Hans og Jenny ventar på maten. Foto: Dordi J H

Ved bordet frå venstre: Magne, Gudmund, Terje, Johan, Trygve, Bernt, Lars Johan og Kari. Foto: Dordi J H

Nydeleg pynta festbord! Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 12. november 2019, 21:10