Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God respons på kunstutstillinga

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2019

1.påskedag er siste dag med kunst- og fotoutstilling i Skulstua.  Det er Reidar Østvik og Sissel Halset Storslett som i samarbeid har hatt utstilling – Reidar Østvik med fotoutstilling i 1. etasjen og Sissel som har stilt ut måleri i 2. etasjen.  Da vi var innom i ettermiddag var det over hundre persjonar som har vore inn i løpet av desse dagane. Det var dei godt nøgd med.

Reidar er dyktig både med kamera og med Photoshop. No jobbar han med ei utstilling som kjem til hausten. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølv om Reidar først og fremst brukar kameraet, så er han også dyktig med Photoshop, og prøver seg fram med forskjellige effektar. Resultatet blir ofte bra og litt utanom det vanlege fotografiet. I tillegg svingar han også penselen når det passar seg.  Han har hatt fleire utstillingar både her i Todalen og andre plassar.

Sissel Halset Storslett har utstilling i 2. etaasjen. Her er nokre av måleria ho har laga. Foto: Jon Olav Ørsal

Sissel er også ein rutinert kunstnar og har delteke med utstillingar både i Sunndal og i Surnadal i tillegg til tidlegare utstillingar i Todalen.

Det veks oppiatt – Lisa og Aleksanda hadde også utstilling, og var uslåeleg på pris. Foto: Jon Olav Ørsal

Johan Kvendset kjente seg att på bildet frå Kvennsetdalen, sjølv om det var mange skoddetoppar. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. april 2019, 15:01