Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God jul til våre lesarar!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2017

Da står det berre att å helse «God jul» til våre mange trufaste lesarar.  Det har skjedd mange begivenheter i løpet av året, og vi har heile tida stått på for å formidle store og små saker til både innfødte og utflytta todalingar over heile verda – og sjølvsagt til alle todalsvener rundt omkring.

I julehelga vil vi nok slakke litt på farten og ta oss tid til å nyta den gode juletida saman med familie og venner.  Men det viktigaste som skjer skal vi sjølvsagt få med oss.  Det har også i år vore lite tid til tradisjonell julekortskriving, men reknar med at dei fleste som er potensielle mottakarar følgjer oss på nettet.

Vi ønsker alle ei god og fredfull jul!

Publisert: 24. desember 2017, 17:40