Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God jul – med reisebrev og julehelsing frå New Zealand

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. desember 2014

Vi i redaksjonen vil ønskje alle våre medlemar, lesarar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul. Vi har fått eit triveleg og interessant reisebrev frå Oda Halle, som vi publisererer nedafor. Oda er saman med venninna på reise i New Zealand, og er no i hovudstaden Auckland. Ho har laga eit flott bildegalleri som viser bildeglimt frå opphaldet. Vi ønskjer dei to som er på reise ei god jul – og god tur vidare!

Reisebrev frå Auckland – New Zealand

Test og foto: Oda Halle

Den 18. august tok eg farvel med familien min og sette meg på eit fly. Dette flyet var byrjinga på ei reise som skulle bringe meg til eit eventyr på andre sida av jorda. Ved sida av meg satt Liv Ingrid Bævre Helgetun. Saman skal vi tilbringe åtte månadar i ein bil og utforske New Zealand.

Etter korte mellomlandingar i Oslo og Qatar ankom vi fyrste lengre stopp på turen: Singapore. I løpet av våre fem dagar der fekk vi mange nye inntrykk og opplevingar, blanda med mat frå tildels ganske tvilsame kjelder, og meir sveitting enn kva som var komfortabelt. Om dagane utforska vi dette multikulturelle kokekaret, medan vi om netene sov i ein sovesal saman med ti andre reisande, og to vifter som gjekk i full fart 24/7.

Neste flytur førte oss Down Under, til Australias mest folkerike by: Sydney. Turar til kjente landemerke som operahuset og Sydney Harbour Bridge var blanda med parkbesøk, ferjeturar og utforsking av resten av byen. Ein av dagane våre i Australia nytta vi til ein dagstur til Blue Mountains, eit fjellområde vest for Sydney, saman med ei gruppe turistar frå ulike hjørne av verda, og guiden Marc. Dette området er på verdsarvlista, og består av store sandsteinsplatå og djupe «canyonar». Vi var nok uheldige, for det var skodde og regn heile dagen. Men likevel hadde vi ein fantastisk dag med vandring gjennom regnskogen, og eit besøk til Featherdale Wildlife Park (ein slags dyrehage for Australske dyr) fekk vi oppleve kenguruar og koalaar på nært hald.

11

Mindre reperasjonar må ein rekne med. Foto: Oda Halle

Så var turens eigentlege destinasjon nådd. Den 29. august sat vi endeleg fot på New Zealandsk jord, og eventyret kunne starte. Opphaldet vårt starta i Auckland, der alt praktisk måtte ordnast før vi kunne ta fatt resten av landet. Dette innebar blant anna eit informasjonsmøte hos organisasjonen som hjelper oss her, opning av våre eigne bankkontoar hos ein New Zealandsk bank og kjøp av bil. Denne bilen (ein over 20 år gamal Nissan Serena som har fått bakseta erstatta av ei dobbeltseng) skal være både transport og heim for oss medan vi utforskar dette vesle landet så veldig langt frå heime.

Etter ei veke i Auckland hadde storbylivet mista sjarmen sin, og landsbygda freista meir og meir. Så vi vendte nasen nordover, mot «The Winterless North» (Det Vinterløse Nord). Der skulle vi jobbe for kost og losji på ein gard like ved byen Oheawai, ei ordning som er gjort muleg av organisasjonen WWOOF (Willing Work On Organic Farms (Frivillig Arbeid På Organiske Gardar)). Ein vinglete grusveg førte oss til garden, og ei skeiv palme møtte oss før huset til slutt vart synleg. Vertane våre var Nan og Mike, ei kvinne med eit enormt hjarte, og ein mann omkransa av latter. Dei tok imot oss med opne armer, og såg til at vi fekk meir enn nok mat til alle tider. Sidan det aldri er snø der, hadde dei ikkje noko som kunne minne om eit godt gamaldags norsk fjøs, og alle sauene, kyrne, hestane, hønene, dei to kopplamma og alle hundane kunne gå ute heile året.

Nan, Mike og dei to kopplamma deira. Foto: Oda Halle

Veka på garden gjekk nesten for fort, for før vi visste ordet av det var det på tide å setje seg i bilen og køyre enda lengre nord. Med gode råd frå Nan og Mike om kva som var verdt å sjå, og ei forsikring om at vi kunne ringe om vi skulle få behov for hjelp, køyrde vi til Bay of Islands. Vakre strender og svingete veier førte oss opp langs Stillehavet til Cape Reinga, New Zealands nordlegaste punkt. Same kveld campa vi i den fjerntliggande bukta Spirits Bay (Åndenes bukt). Ei Maori-legende fortel at dette er eit samlepunkt for dei andane til dei døde før dei forlet jorda for godt. Og det var nærast noko overnaturleg ved en vide bukta da vi vart sitjande på sandstranda og sjå på solnedgangen, og seinare på kvelden der vi stod under den mest fantastiske stjernehimmelen du kan tenkje deg.

Med vandring over sanddyner, besøk til 90 Mile Beach (som er nøyaktig 55 miles lang), turar i Kauri-skoger og lange strekningar tilbakelagt i svingar, gjekk tida fort før vi skulle til den neste garden vi hadde arrangert opphald på. Denne låg på øya Waiheke Island utanfor Auckland, berre tilgjengeleg via båt. Vi kjøpe oss bilettar på passasjerferga og vart plukka opp på kaia av den energiske kvinna Fiona og hennar to born Willie og Sasha. Fiona driv med økologisk grønsaksdyrking, og gjorde eit forsøk på å overføre noko av kunnskapen sin til oss.

 

Vi har sett og opplevd mykje i løpet av tida vår i dette landet. Naturlege undre som sandsteinformasjonen Cathedral Cove og Hot Water Beach, kor ein kan grave ei grop i sanda ved fjære og plutseleg sitte i eit basseng av varmt vatn. Vulkansk aktivitet er å finne fleire stader i New Zealand, spesielt ved byen Rotorua. Der lufta er full av varm damp, og det er varme kjelder over alt. Eit stykkje utanfor byen ligg ein dal med verdas yngste område med termisk aktivitet, full av forskjellige varme kjelder og andre undre.

Rotorua er ein utmerket stad å oppleve Maori-kulturen på nært hald. Maoriane er New Zealands urfolk og takka være ein avtale inngått mellom dei og dei fyrste tilflyttande frå Europa. Det var litt av ei framvising vi fekk av lokale Maori da vi besøkte ein gjenoppbygd landsby. Krigsdansar, våpenframvisingar, songar og lokale legender imponerte alle frammøtte.

Oda prøver sanddynene.  Foto: Oda Halle

Men Rotorua har enda meir og by på. Der kan ein nemleg være med på rafte ned ei elv som er heilag for Maoirane, og som inneheld eit fossefall på sju meter. Noko vi sjølvsagt gjorde, og som enda med to stykk klissvåte (men blide) jenter.

Så var tida komen for å finne seg ein jobb. Den fyrste plassen vi forsøkte var i Mount Maunganui, ein småby som ligg litt utanfor den større byen Tauranga. Vi vart værande der i to veker, og nytta tida til å nyte sola på stranda, gå opp til den vesle fjelltoppen The Mount og bli kjent med området. Men til slutt måtte vi innsjå at vi ikkje ville finne oss ein jobb der, så vi pakka sakene våre inn i vår Nissan Serena og køyrde ned til Wellington, New Zealands hovudstad, via attraksjonar som verdas lengste stadnamn (Taumatatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu) og filmlokasjonar frå Ringenes Herre.

Det nærma seg no desember og fyrste sommarmånad her, og i ein by på størrelse med Wellington var det fleire som var på utskikk etter ekstra ansatte. Ein av disse stadene var Embassy Theatre, der eg har fått meg jobb til slutten av januar samen med jamaldringar frå New Zealand, Frankrike, Tyskland, England og Sverige. Hostell-livet blir etter kvart veldig dyrt, så vi har no flytta inn i ei lita eittroms leilegheit her i byen. Å ha eige kjøleskap er ein luksus eg sårt hadde sakna.

Jula nærmar seg også med stormskritt, sjølv om det ikkje verkar slik når det er 20 grader og sol ute i staden for sørpe og snø, men likeframt har vi kjøpt oss eit lite juletre som vi skal pynte når tida kjem. Det blir spanande å oppleve ei annleis jul enn den vi er vant til frå heime i Noreg. Og sjølv om det ikkje blir julemiddag på Hjellnes på meg i år, tvilar eg ikkje på at opplevingane eg får her kjem til å vege opp for det mange gonger.

New Zealand er verkeleg eit fantastisk land, både når det gjeld naturen og menneskja som bor her, og eg gler meg til å sjå resten av det.

Til slutt vil eg ynskje alle der heime ei riktig god jul.

Bildegalleri med glimt frå turane og opphaldet i New Zealand.   Alle foto: Oda Halle

Publisert: 24. desember 2014, 08:00