Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God gammeldags basarstemning i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 28. oktober 2018

Det var skikkeleg basarstemning og mykje folk som møtte opp da Trim-, ski- og friidretssgruppa arrangerte sin årlege basar. Klingande mynt i kassa vart det også, for basarkomiteen rapporterte om skikkeleg god respons på førehandssalet på Matkroken dei siste vekene og sjølvsagt var det triveleg at så mange kom på basar, sa leiar i Trimgruppa Jorun Nordvik da ho takka publikum etter trekninga.

I kveld var det tid for premiering for deltakinga på lagseriestemna – alle fikk kvar si flotte skei. Foto: Jon Olav Ørsal

Med 33 basargevinstar vart det stor bredde og 2 lange og velfylte basarbord, og totalt kom det inn over 30.000 på basaren og det er pengar som kjem godt med i drifta.  Hovudgevinsten som var eit par ski av siste skrik, og desse vart det selt mest lodd på av alle og den heldige vinnaren vart Gunda Bele som nok blir å finne i lysløypa med nye ski i vinter.

Under basaren var det også tid for eit avbrekk med underhaldning, der Gunnar Nordvik viste lysbilder frå klatreaktivitetane som var på 1990-talet.  Det starta i det små i klatreveggen i klubbhuset og eskalerte til både Svinvikhamrane, Storfjellet, Skjerdingfjellet og til Innerdalsfjella – triveleg å sjå att gjengen som heldt på i dei nostalgiske bileta.

Gunnar Nordvik viste lysbilde frå klatreaktivitetane på 90-talet – det var stas! Foto: Jon Olav Ørsal

Tid for belønning var det også, da alle som har vore med på lagseriestemne i sommar fikk kvar si flotte skei som premie for innsatsen. Godt besøk på trimpostane har det også vore i sommar – heile 3863 turar har det vore på dei 10 postane til saman – flest turar var det registrert på løfta med 803 – med Storhaugen  hakk i hel med 765 besøk.

Premiering av trimaktivitetane – den som har flest turar til trimpostane blir premiert med ein kopp – og i tillegg blir det trekt ut ein vinnar. Foto: Jon Olav Ørsal

Jorid H. Ansnes hadde flest turar til Tårnet, og får sin velfortjente kopp med Mari B. Redalen i trimgruppa. Foto: Jon Olav Ørsal

venta spent på trekninga – frå venstre Edvard, Nathalie Astrid, Nathascha Maria, Martine, og Trygve Alexander Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. oktober 2018, 22:27