Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God aktivitet i Surnadal Heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 27. februar 2020

Melding frå Surnadal Heimbygdlag:

Nyutgjevinga av Hyldbakk-boka «Ei haustferd på Nordmøre 1934» har vore det største prosjektet til Surnadal Heimbygdlag i 2019. Å gi ut boka på nytt, innebar nyinnskriving, biletredigering, trykking og nær kontakt med Nordmøre Museum og med kommunen. Og i etterkant har styret deltatt på heile 10 arrangement rundt om på Nordmøre med presentasjon og sal av boka, dei fleste stadene ved nestleiar Svein Sæter, og med musikkinnslag ved målprisvinnaren i 2019, Karstein Mauset. Laget har tent pengar på boka, men det svir samtidig i rekneskapen at Heimbygdlaget tapte 16450 kr på at Notabene-bokhandelen i Surnadal vart lagt ned i haust.

Årsmøtet i laget vart elles greitt gjennomført 26/2, og styret vart stort sett attvald, med Trygve Roaldset som leiar, og med Svein Sæter, Arild Drøivoldsmo, Eivind Hasle og Olav Bergheim elles i styret. Trygve Roaldset har vore leiar sidan 2008. Laget er vertskap for årsmøtet i Nordmøre Mållag 7. mars. Årsmøtet var elles opptatt av den nye mållova som regjeringa skal legge fram no i vår, og laget ønsker seg fleire medlemmar. For godt språk og verdifull kulturarv er det vel mange som er opptatt av?

Eivind Hasle, skrivar

Bilete frå lanseringa «Ei hasutferd på Nordmøre 1934», 12.09.2019:

Karstein Mauset fekk måldiplom hausten 2019. Foto: Dordi J H

Frå venstre Sverre Hatle, leiar i Heiembyglaget Trgyve Roaldset og Svein Sæter. Foto Dordi J H

 

Publisert: 27. februar 2020, 16:45