Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gnoflane sørga for førjulsdramatikk

Elinor Bolme Onsdag 18. desember 2019

Kveldens juleavslutning ved Todalen oppvekstsenter fylte heile gymsalen til siste ledige stol i forbindelse med den tradisjonelle juleavslutninga på skulen. Ungane både på barnehage og skule hadde øva inn fleire songnummer, og dramatisert historia om «Gnoflenes dans». Det var kanskje ei ukjent historie for mange, men fornøyelig var ho i alle fall. Her var det store intriger mellom julenisser, troll gnoflar og visedvergane som heldig vis endte godt til slutt.

7.klassingane Nora, Ylva Synnøve og Shan Allan var kveldens konferansierar og losa dei frammøtte gjennom programmet.

Barnehageungane hadde som vanleg øva inn eit eige nummer. Denne gongen den lystige songen Julius» glade sang fra barne-tv serien Snøfall.

Barnehageungane fekk litt drahjelp av 1. klassingene.

Programmet var snudd på hovudet denne gongen, med juletregang rett etter underhaldninga og før kaffeservering og loddsalg. 

Og jaggu dukka ikkje nissen opp i all ståheien etter kvart. Kor no han kom i frå…?

Under er enda fleire bilder fra forestillinga. Alle foto ElinorB

Publisert: 18. desember 2019, 21:35