Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gjorde stas på jubilanten…

Gjorde stas på jubilanten…

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Torsdag kveld vart Sigrun Ørsal gjort stas på av Dametrimmen. Forleden feira ho 75-årsdag, og da tykte medlemane i Dametrimmen at det var ei høveleg anledning til å feire litt på siste trimkvelden før påske. Denne kvelden var det 11 spreke damer som møtte opp, men May Elisabeth Holten fortalte at dei kan vere opptil 17-18 på trimkveldane i Todalen oppvekstsenter. Og dei er ikkje akkurat nybegynnarar, for dametrimmen har halde på sia 60-talet ein gong. Men Sigrun har vore med heile tida, og er med for fullt enno!

Det er Turid H. Sæther som er instruktør for Dametrimmen. Ho fortel at dei driv med mange slags aktivitetar, men det blir mykje bevegelse  til musikk og en del styrkeøvingar som er fundamentet i trimkveldane. Det er viktig å trene og bruke musklane for mobiliteten, seier Turid, som får rosande omtale som instruktør frå Dametrimmen. Og så snart fotografen var ute av døra var trimmen i gang igjen.

Publisert: 30. mars 2012, 19:45